Preike: Jesus er stått opp!

Jesu oppstode er sjølve grunnlaget for den kristne trua. Det som skjedde påskemorgon, er beskriven av dei fire evangelistane, men med litt ulike observasjonar og skildringar.

Matteus er åleine om å skildra det kraftige jordskjelvet og kor overveldande måten engelen kom på, var. Matteus samanliknar utsjånaden til engelen med eit lyn, og kleda var kvite. Vi får vita korleis steinen vart rulla frå gravopninga og årsaka til at vaktsoldatane ikkje greip inn for å hindra kvinnene tilgang. Vaktene var rett og slett lamslått av redsel.

Maria Magdalena og Maria kom til grava, men fann ikkje den døde. I staden fann dei ein engel saman med livredde og lamslåtte vaktsoldatar. Grava er tom. Jesu oppstode var skjedd i samsvar med profetiske forvarsel som Jesus sjølv på førehand hadde gitt disiplane sine.

Engelen seier til kvinnene at dei ikkje må frykta, «Eg veit at de leitar etter Jesus, den krossfeste. Han er ikkje her; han er stått opp.» Og han ber dei skunda seg av garde og seia det til disiplane. Engelen gjer dei til bodberarar og sendebod til Jesu disiplar, og jublande av glede spring dei av garde. På vegen møter dei Jesus, som seier til dei, «Ver helsa!», og dei omfamnar føtene hans og tilber han.

Paulus slår fast at Jesu oppstode er grunnlaget for den kristne tru og liv. Han skriv, «Men har ikkje Kristus stått opp, er bodskapen vår tom, og tom er òg trua dykkar. Då står vi som falske vitne om Gud..» (1. Kor 15,14-15).

Oppstoda var det avgjerande beviset for at Jesus var Guds Son. Ved at Gud reiser Jesus opp frå dei døde viser han at han godtar forsoningsverket. Jesu død gir frelse for alle som trur.

Oppstoda viser òg at han for alltid har overvunne døden. Det er òg i dag det avgjerande spørsmålet. Jesus har stått opp, og han lever! Det er ei viktig sanning òg denne påsken. Han vil bu ved trua i hjarta vårt. «Må Kristus ta bustad i hjarta dykkar ved trua og de stå rotfeste og grunnfeste i kjærleik.» (Ef 3,17).

Dei som var først ved grava, er trosvitne og vegvisarar for oss til sanninga. Frå dei løypande kvinneføtene denne påskemorgonen har bodskapet om oppstoda òg nådd til oss. Og vi skal få springa vidare med den glade bodskapen!

«Det eneste håp som jeg eier,

det har jeg o, Jesus, i deg.

Jeg bringes til ro

ved enkelt å tro

at du døde på korset for meg.»

(Øivind Fragell)

«Se, Herren lever! Salig morgenstund!

Mørkets makter bever. Trygg er troens grunn.

Jubelropet runger;

Frelseren er her!

Pris ham, alle tunger;

Kristus Herre er!»

(Budry)

 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.